Kva er Usminka, og kven er vi?
Visjonen vår er enkel: å tilby deg reine, usminka produkt laga av naturlege råvarer frå garden vår.
Produkta våre er forankra i reine råvarer og kortreist filosofi. Vi har eit drivhus på 400 kvadrat og store område med jord der vi dyrkar råvarene til maten vår.
På garden lever vi tett på naturen, med høner som spraker rundt tunet, griser som gretar i solsteiken, og vi dyrkar både i drivhuset og ute på åkeren.
Historia vår
Vi er Steffen og Mona, begge oppvaksne på Sunnmøre i separate små bygder i Haram kommune. Sjølv om vi begge levde eit byliv i ungdomsåra, har vi alltid hatt draumen om eit lite småbruk i bakhovudet.
Vi fann kvarandre seinare i livet og tok over Steffens familiegard, Jensgarden, i 2020 - same år som sonen vår, Varg, kom til verda. Tida flyg, og no består familien vår av fire. Sonen vår Odin kom i 2025.
Draumane våre er mange, og vi er berre i starten av reisa. "Med pågangsmot og litt talent kan du flytte fjell", sa nokon ein gong, og akkurat det er det vi har planar om å gjere.
Vi ønsker å dele vår lidenskap for reine råvarer og naturlege produkt med deg. Heilt usminka.
Eit lite innblikk i kvardagen til Usminka
Følg oss gjerne i sosiale medium.
